• Facebook - Black Circle
  • Instagram - Black Circle
  • Twitter - Black Circle
  • YouTube - Black Circle

Urfremføring på avslutningskonserten!

08.11.2018

Urfremføringer vokser ikke på festivaltrær, men årets utgave av kammermusikk-
festivalen kan by på en på avslutningskonserten i Domkirken på søndag, kl 19:00. Det er Per Arne Glorvigens verk Shantid. Det er alltid spennende for både musikere og publikum når et stykke skal spilles for første gang, så her har vi noe å se frem til. Dessuten dreier det seg om en tango, som er en litt sjelden musikkform på en kammermusikkfestival. Kom og hør!

 

Per Arne Glorvigen (1963-): Shantid (Urfremføring)

 

1.Tango

2. Vals (tekst T.S.Eliot)

3. Rag (tekst P.A.Glorvigen)

 

Glorvigen Trio

Marie-Pierre Langlamet harpe

Berit Aarrestad regissør

 

Komponisten forteller:

Eg har lenge hatt lyst til å skriva eit verk som nærma seg eit indisk tonespråk.

I utgangspunktet var tittelen ”Tid”. Verket byrjar da også med lyden av tikkande ur, ein inspirasjon som mange komponistar, m.a. Haydn (Symfoni nr. 101), Ravel (l’Heure Espagnole) og Ligeti (Poème Symphonique pour 100 métronomes) har brukt før meg. Kona mi er halvt indisk og heiter Shanti (fred) og dimed vart tittelen ein kombinasjon av desse to orda; Shantid. For mange år sidan var kona mi og eg i London da eg spelte med London Sinfonietta og dirigenten Oliver Knussen. Da Knussen høyrte namnet på Shanti sa han med ein gong: ”O, that’s how the famous poem by T.S.Eliot ends; Shanti, Shanti, Shanti”. Dette kom eg på da eg skulle byrja med komponeringa; mange år seinare. Ettersom eg er særs glad i å arbeida med gode tekstar så fann eg ut at dette var høvet til å trekka fram denne bautaen av eit diktepos: The Waste Land (Det Golde Landet) frå 1922, som altså sluttar med ordet Shanti tre gonger. Eliot skriv ordet for øvrig med h til slutt; Shantih. Diktet vert rekna som byrjinga på den moderne poesien og ber preg av å vera skrive rett etter den 1.verdskrigen.

 

Eg ville også markera dette no i 2018 ettersom det er 100 år sidan i år denne fryktelege krigen slutta. Diktaren gjev til kjenne eit pessimistisk menneskesyn med stadige påminningar om hav og død som soga om ”The drunken sailor.…These are pearls that were his eyes” eller dialogen mellom bandoneonspelaren og fiolinisten som gjev klare assosiasjonar til ein soldat sine posttraumatiske stressyndrom som han ikkje greier å gje uttrykk for når han kjem heim att til kona frå krigen:

 

My nerves are bad tonight. Stay with me, Speak to me!

Why do YOU never speak?

I never know what you are thinking.

I think we are in rats’ alley

Where the dead men lost their bones. What is that noise?

 The wind under the door.

What is the wind doing?

 Nothing.

Do you see nothing? Do you remember nothing?

 

Men midt oppi pessimismen får diktaren også plass til muntre kvardagssoger som den om spåkona Madame Sosostris eller pubscenen frå Lower Thames Street i London til ”the pleasent whining of a mandoline”. Det er noko av denne dualiteten mellom dommedag og kvardagsliv som fascinerer i The Waste Land. Tida rundt den 1.verdskrigen var ei brytningstid både i litteratur og i musikk; difor ville eg også hylla den viktigaste komponisten frå denne tida: Stravinsky. Det har eg gjort med satstitlane Tango, Valse, Rag. (jmfr. verket som vert spela før Shantid). The Waste Land passa også til musikarane som spelar for diktet har både franske og tyske (Wagner!) sitat. Med tysk/fransk besetning vert dimed sjarmerande aksentar ein del av uttrykksregisteret.

Wagnersitatet som Eliot brukar ”Öd und leer das Meer” er frå 3.akt i Tristan og Isolde der eit engelsk horn vanlegvis spelar på scenen. Eg har teke meg den friheita å leggja ei av desse frasene på bandoneon; ganske sikkert første gong Wagner vert spela på bandoneon! Bach vert også sitert og vridd rundt på med koralen ”Die Könige aus Saba kamen dar” i solo bandoneon. (Bandoneonet vart opprinneleg tenkt brukt som transportabelt kyrkjeorgel i Tyskland og koralen opna også konserten i Sola Ruinkirke torsdag kveld, men da i sin opprinnelige form), Bachkoralen med dei nye grelle harmoniane gjev grunnlaget for slutten på 2.satsen til teksten:

 

Over the tumbled graves

There is the empty chapel, only the wind’s home.

It has no windows, and the door swings,

Dry bones can harm no one.

 

Datta. Dayadhvam. Damyata.

(Gje. Medkjensle. Kontroll)

Shantih     shantih     shantih

(Fred fred fred)

 

Ein av dei muntre delane i The Waste Land refererer også til ein Rag (dans) ”that Shakespeherian Rag”! Og dimed fekk eg også overgangen til 3.satsen ”Rag” gratis frå Eliot!

 

Eg vart også inspirert til å skriva ein liten tekst til denne 3.satsen.

Ein tekst som skulle vise seg å ta litt uvante vendingar.....

 

Photo: Peter Adamik

 

 

 

Per Arne Glorvigen.

Please reload

Siste presseklipp
Please reload

Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Instagram Social Icon
  • Google+ Basic Square